Oberrhein

Kart over Rhinen. Oberrhein er markert i grønt.
Solnedgang over Rhinen i Mannheim
Rhinen ved Mainz

Oberrhein (tysk for «Øvre Rhinen») er ein del av RhinenOberrheinsletta mellom Basel i Sveits og Bingen i Tyskland. Denne delen av elva er 359 km lang.

Oberrhein er ein av fire delar (Hochrhein, Oberrhein, Mittelrhein og Niederrhein) av elva mellom Bodensjøen og Nordsjøen. Land og statar langs Oberrhein er Sveits, Frankrike (Alsace) og dei tyske forbundsstatane Baden-Württemberg, Rheinland-Pfalz og Hessen. Dei største byane langs elva er Basel, Mulhouse, Strasbourg, Mannheim, Ludwigshafen og Mainz.

Oberrhein vart retta opp mellom 1817 og 1876 av Johann Gottfried Tulla og gjort farbar mellom 1928 og 1977. Versaillestraktaten gjorde at Frankrike kunne nytte Oberrhein for vasskraft i Grand Canal d'Alsace.

På venstrebreidda ligg den franske regionen Alsace og den tyske Rheinland-Pfalz. På høgrebreidda ligg Baden-Württemberg og Hessen. Dei første få kilometerane av elva renn gjennom den sveitiske byen Basel.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search